Frå Jarle

 

                        Ikkje ekskluder deg sjølv!

Ein dag eg sat og mediterte over nokre vers i 1.Korinterbrevet kapittel 12, blei
det plutseleg klart for meg at det å ekskludera seg sjølv – altså utelukka seg
sjølv frå å tilhøyra Kristus – er mykje meir vanleg enn kva dei fleste av
oss vil tru. For høyr kva apostelen seier i vers 15 og 16:

«Om foten ville seia: ‘Fordi eg ikkje er hand, høyrer eg ikkje med til lekamen’,
så høyrer han like fullt med til lekamen.
Og om øyra ville seia: ‘Fordi eg ikkje er auga, høyrer eg ikkje med til lekamen’,
så høyrer det like fullt med til lekamen.»

Apostelen brukar altså her lekamen som bilete på Jesus menighet, og dei ulike lemene
som bilete på enkeltpersonar.
Så ser me her at desse enkeltpersonane seier noko til seg sjølv som IKKJE er sant!
Dei seier at dei IKKJE tilhøyrer Jesu Kristi menighet – noko som ikkje er sant, seier
apostelen. For sanninga er at dei tilhøyrer Jesu lekam, Jesu menighet!

Så grunna eg litt meir på dette, og det slo meg at dette kanskje er det sløgaste
knep som den vonde brukar for å halda folk på avstand frå Jesus – og på avstand frå alt
som kristent heiter.
Kan han få oss til å tru at me ikkje passar inn der, har han vunne ein stor siger.
Om sjelefienden får oss til sjå på det som er ULIKT mellom oss, og får blåsa
det opp til å bli ei stor sak, ja, som sjølve hovudsaka – då har han på mange måtar
blokkert vegen for oss, til å koma i kontakt med Jesus.
For saken er jo den at vi ALLE er forskjellige! Ingen menneske er HEILT like.
Ikkje berre i det ytre er me ulike, men òg på det indre planet er me ulike.

Me har ulike evner og utrustning – ulike eigenskapar som menneske.
Ikkje berre det – men den enkelte av oss er heilt unike som personar.
For det er berre ein deg, og det er berre ein meg.
Som person er eg – og eg vil alltid vera – heilt unik. Ja, som person, som sjel –
som den eg er, djupast sett – er me som enkeltmenneske, heilt unike alle saman.

Difor òg blir det heilt feil å tenkja at ein ikkje kan høyra til Jesus, og vera ein
lem på hans lekam fordi ein er ulik dei andre. Nei, me må sjå at dei andre òg
er ulike kvarandre, og at det er akkurat slik Faderen og Sonen vil ha det!
Jesus vil ha ulike lemer – men Anden i oss, Livet i oss, DET er det same.
Det har me felles – så sant me har tatt imot Jesus som vår Frelsar og Herre.

Apostelen slår fast, veldig klårt i vers 12 og 13:
«For liksom lekamen er éin, endå han har mange lemer, og alle lemene er ein lekam,
endå dei er mange, såleis er det med Kristus òg.
For med éin Ande vart vi alle døypte til å vera éin lekam, anten vi er jødar eller grekarar,
trælar eller frie; og alle fekk vi éin Ande å drikka.»

Så la oss ikkje lenger høyra på sjelefienden, når han forsøker å innbilla deg og meg
at me må vera slik og slik for å passa saman med Jesus og andre truande.

Nei, la oss heller ta til oss kva Guds ord seier her i vers 21 og 22:
«Auga kan ikkje seia til handa: ‘Eg treng deg ikkje’, eller hovudet til føtene: ‘Eg har ikkje
bruk for dykk’. Tvert imot! Dei lemene på lekamen som synest vera veikast, dei er naudsynlege.»

Guds vilje er at ALLE skal bli frelst, og læra sanninga å kjenna (1.Tim.2,4).
Alle er alle! Og alle er me forskjellige!
Så Gud er tydeligvis ikkje tilhengjar av masseproduserte, strømlinjeforma og
‘vinkelrette’ menneske. Han vil ha levande, og heilt unike originalar.
Difor må me ikkje vera så snar til å ekskludera oss sjølv på eit slikt, heilt feil
grunnlag.
Me må sjå at dette med å ekskludera nokon på grunn av ulikskap, er verdens måte
å tenkja på. Og me må sjå at slike tankar kjem frå den vonde, han som jo heile tida
er ute etter å skapa splid og strid mellom folk.

Men Bibelen lærer klart at Gud elskar ALLE. Og Jesus har sona for ALLE. Og det
uansett utsjåande, uansett bakgrunn og kultur, uansett språk, uansett evner eller anlegg,
alder eller kjønn – ja, uansett korleis me ser på oss sjølv – eller korleis me TRUR andre ser
på oss (som ofte er feil!).
For Jesus er me ALLE så verdifulle, at han var villig å tåla den største pinsla
for å få oss med i sitt fylgje!

Så ver aldri i tvil: Jesus vil òg ha DEG med i sitt fylgje!

.

Comments are closed.