Arbeid Filippinene

Opprustning av helsesenter – Bagacay

Då Legunn og Bjarne Thomsen var ein tur til Daram, saman med svigerdotra og barnebarn til Filippinene i fjor (2011) og besøkte familien hennar , blei dei kontakta av sjukepleiaren som dreiv helsesenteret der i Bagacay.

Ho spurte om dei kunne gje ei pengestøtte til reparasjon, og dei sa dei ville sjå på senteret fyrst, for å kunne ha nokon formeining om kva dette gjekk ut på.

Då dei fekk sjå senteret forstod dei med ein gong at her trongst det ganske mykje både kapital og innsats for å få dette skikkeleg i stand.
Det var nok mykje meir enn det dei kunne gje som måtte til, men ho fekk nokre tusen peso til å ta det verste. Og Legunn sa ho ville prøva å skaffa pengar når dei kom heim

Legunn kontakta då menigheten sin, Kristent Fellesskap Osterøy, og spurte om dei kunne tenkja seg å gå inn med noko støtte her.
Dette blei vurdert, og menigheten bestemde seg for å gje pengar til dette, så sant pengegåva blei administrert på ein trygg og god måte heilt fram. Bjarne Thomsen sa seg då villig til å reise ned der, og fylgja opp det heile, og han fekk med seg naboen sin, Ingve Århus.

Dei hadde ein god samarbeidspartnar der nede i Mary Grace De Vera Aler, ei jente som kunne godt engelsk, og Bjarne fekk avtalt med henne at ho skulle kontakta landsbyledelsen og sei at alt treverk som skulle fornyast, måtte rivast, og at nytt bygge-material måtte vera på plass til dei kom.

Bjarne og Ingve reiste då nedover fredag 11.november og var framme søndagen. Grace hadde fått gjort alt som var avtalt, og dei kunne starta utfrå det. Etterkvart måtte dei supplera med diverse materiell og utstyr. Dette måtte dei kjøpa i nærmaste by, og dit tok det ca.1,5 time kvar veg å reise. Fremkomstmiddel: Uteliggerkano!

Så Bjarne og Ingve fekk nokre utfordringar her, vil eg tru ;-)

Grace organiserte arbeidskraft og utbetalte lønningar etter avtale med kvar enkelt. Bjarne og Ingve såg etter at det blei gjort skikkelig arbeid og reiste til byen og handla inn det som mangla. Handtverkarane som var leigd inn, var flinke folk og dei var til å stole på, seier Bjarne.

Den 10.desember sette Bjarne og Ingve kursen heimover igjen. Då mangla berre noko flisearbeid og litt maling. Grace organiserte dette, og sendte bilde etter at alt var ferdig.

Som menighet er me glade for å kunna vera til hjelp for folk, også på denne måten.
Eit bånd er blitt knytt til menneske på den andre sida av jordkloden.

Som menighet vil me halda på denne kontakten og høyra korleis det går med dei vidare.

Takk til Bjarne og Ingve som tok denne utfordringa, og takk til Legunn som tok tak i dette frå fyrst av.

Under her ligg nokre bilete som Bjarne tok undervegs i dette opprustningsarbeidet.


Her trengst visst litt opprustning, ja!

  
                                            Bjarne og Ingve ser på kva som må gjerast. 

Og her er arbeidet med å ruste opp senteret i full gang!

Helsesenteret ferdig! Og fint vart da’!


Comments are closed.