Frå Bjørn

 

Hei Jarle!
               Fin nettside du har laga. Biletet av foss og rennande vatn er typisk for fjordlandskapet her me bur, og passar fint til teksten du har skrive.
Eg er av fleire blitt oppfordra til å dele undervisninga eg hadde (las opp) på pub’en i Haus for nokre veker tilbake, gjerne på nettsida vår.  Sender det difor til deg som vedlegg her.  Du får no sjå om det høver til å leggjast ut på nettsida.
                                                                                                                                  M.v.h. Bjørn Mjelde.
Svar:
Det høver fint, Bjørn ;) Takk for innlegget!  Legg det inn under her.
mvh  Jarle
*************************************************************************************************

GUD – HAN SOM SENDER

1. JESUS – UTSENDT AV FAR FOR EIT OPPDRAG.

  • Joh. 6, 38:   ”For jeg er kommet ned fra himmelen, ikke for å gjøre min vilje, men for å gjøre hans vilje som har sendt meg.
  • Joh. 12, 49.   ”For jeg har ikke talt av meg selv. Men Faderen, som har sendt meg, han har gitt meg befaling om hva jeg skal si og hva jeg skal tale.
  • Joh. 10, 17 – 18:  ”Derfor elsker Faderen meg, fordi jeg setter mitt liv til for at jeg skal ta det igjen.  Ingen tar det fra meg, men jeg setter det til av meg selv. Jeg har makt til å sette det til, og jeg har makt til å ta det igjen. Dette budet (oppdraget) fikk jeg av min Far”.
  • Jesus var veldig klar på at han var blitt utsendt.
  • Han var veldig klar på at han var blitt utsendt frå Faderen.
  • Han var veldig klar på at han var blitt utsendt frå Faderen for å utføra eit oppdrag.
  • Jesus levde ikkje i verda med den haldningen at han ville prøva å få mest mulig ut av livet på jorda, for sin eigen del.
  • Jesus sitt jordiske liv enda på korset.  Det måtte enda slik, for egentleg hadde heile livet hans vore eit korsfesta liv. Avsluttninga på livet hans understreka berre korleis han hadde levd heile livet sitt. Han hadde gjort Fars vilje, ikkje sin egen.

 2. JESUS ELSKAR FAR – FAR ELSKAR JESUS.

  • I Johannes-evangeliet er det to ting Jesus talar om meir enn noko anna.

 ·           Det eine er; at han var blitt utsendt.  I Johannes-evangeliet seier Jesus heile 33 gongar at han var utsendt.  Jesus var svært bevisst på at han var blitt utsendt og representerte ein annan enn seg sjølv.

 ·         Det andre Jesus var opptatt av var; Faderen, som hadde sendt han.  Heile 104 gongar nemner Jesus Faderen, i Johannes evangeliet.  Me les i evangelia at Jesus stadig gjekk for seg sjølv for å vera saman med Faderen.

  • Matt. 3, 16 – 17:   ”Da Jesus var blitt døpt, steg han straks opp av vannet. Og se, himmelen åpnet seg for ham, og han så Guds Ånd stige ned som en due og komme over ham.  Og se, det lød en røst fra himmelen: Dette er min Sønn, den elskede. I ham har jeg velbehag.

 ·         Joh. 3, 35:   ”Faderen elsker Sønnen, og alt har han gitt i hans hånd.

  • Faderen elska Jesus, og ved to tilfeller lot han disiplane høyra si røyst, der kjærlighetserklæringa til Son sin var hørbar for deira øyre.  Første gongen var då Jesus nettopp var døypt.  Andre gongen var då Jesus blei forklara for augo deira på fjellet (Matt. 17, 5).
  • I Joh. 14, 31, seier Jesus:  Men for at verden skal vite at jeg elsker Faderen og gjør slik som Faderen har befalt meg – stå opp, la oss gå herfra”.  (Han gjekk til korset).
  • Jesus elska og Faderen.  Dette viste han på to måtar; ved at han satte av tid til å vara sammen med Faderen (Matt 14,23), og ved at han var lydig mot hans bud.

 3. SAMMEN MED JESUS – ELSKA AV JESUS.

  • Mark. 3, 14 – 15:   ”Han tok ut tolv som skulle være sammen med ham, og som han kunne sende ut for å forkynne  og ha makt til å helbrede sykdommer og drive ut onde ånder.”
  • Det er interessant at det står at det var dei som skulle væra sammen med Jesus, som han seinare skulle senda ut. Dei kjende Jesus personlig, hans liv og lære, og kunne representera han der dei kom.  Jesus sende aldri ut folk som ikkje hadde vore sammen med han, og som ikkje kjende han.

 ·         Luk. 10, 1:   ”Senere utpekte Herren sytti andre og sendte dem ut foran seg, to og to, til hver by og hvert sted hvor han selv skulle komme.”

  • De er og interessant å sjå at der Jesus hadde tenkt å komma, der sender han nokon forran seg.
  • Joh. 13, 1b:    ”Og som han hadde elsket sine egne som var i verden, slik elsket han dem til det siste”.
  • Den kjærligheten som prega forholdet mellom Jesus og Faderen, brakte Jesus med seg inn i fellesskapet med disiplane. Dei opplevde seg elska av Jesus, heilt til det siste.  Kjærligheten heldt ut alt (1.Kor 13,7).  Johannes fekk denne openberringa ved å vera sammen med Jesus i 3 år; at Gud er kjærlighet.
  • 1. Joh. 4, 8:  Den som ikke elsker,  kjenner ikke Gud, for Gud er kjærlighet.

4. JESUS SENDER OSS

  • Joh. 20, 21:    ”Jesus sa da igjen til dem: Fred være med dere. Likesom Faderen har utsendt  meg, sender også jeg dere.”

 Her gjer Jesus stafettpinnen frå Faderen vidare til oss.  Der Faderen hadde sendt Jesus for å representera seg, sender Jesus oss for å representera seg og Faderen.

  • Joh. 13, 20:  (Jesus seier:)  ”Sannelig, sannelig sier jeg dere: Den som tar imot en som jeg sender, tar imot meg. Og den som tar imot meg, tar imot ham som har sendt  meg. (Faderen).
  • Matt. 28, 18 – 19a:   ”Og Jesus trådte fram, talte til dem og sa: Meg er gitt all makt i himmel og på jord.  Gå derfor ut og gjør alle folkeslag til disipler”.
  • Mark. 16, 15: ”Og han sa til dem: Gå ut i all verden og forkynn evangeliet for all skapningen”.
  • Gå derfor ut.  Det er det ein seier når ein sender nokon.
  • Så Jesus gjer det veldig klart at me er blitt utsendt av Gud, for å representera han.
  • Slik Jesus var seg bevisst at han var utsendt, slik trur eg og at me skulle vera oss bevisste, at me og er utsendte for å representera ein annan enn oss sjølve, altså Gud.

5. Å BLI ELSKA AV GUD

  • I forbindelse med at Jesus understrekar at; det å elska han, er å halda fast på hans ord, seier han:
  • Joh. 14, 21b + 14, 23b:   Den som elsker meg, skal bli elsket av min Far. Og jeg skal elske ham og åpenbare meg for ham, og min Far skal elske han og vi skal komme til han  og ta bolig i han.
  • Joh. 15, 9:  Likesom Faderen har elsket meg, så har jeg elsket dere. Bli i min kjærlighet.
  • Den kjærlighetsrelasjonen som Jesus hadde med Faderen, den inviterer no Jesus oss inn i.
  • Kom inn og bli elska av oss, seier Jesus.

 ·         Men det er viktig at me, slik som Jesus, har ein balanse i det å vara bevisste at me er utsendte, og det å dyrka og elska Jesus og vår himmelske Far, i ein nær relasjon.

  • I historien om Marta og Maria, sa Jesus om Maria; at ho hadde vald den gode del, som var nødvendig. (Luk. 10, 42)
  • Me må, lik disipane, vera sammen med Jesus for å kunna bli utsendt av han.  Og me må kjenna Faderens hjerta for å kunna representera han.

6. OPPDRAGET – Å REPRESENTERA GUD.

  • Kva er så oppdraget?
  • Det er eit kjærlighetsoppdrag.  Fordi Gud er kjærlighet.
  • Det er eit forsonings-oppdrag.  Gud er ein forsona Gud, som elskar. Han vil at alle menneske (1.Tim 2, 4) skal bli forsona med seg, gjennom Jesus stedfortredande offer på korset (2.Kor 5,18-20).

·         Det er eit Guds Rike-oppdrag.  Hans rike og herredøme skal utbreiast.  Jesus er Herre over himmel og jord(Matt 28,18 / Efes 1,22).  Alt skal bli lagt under hans føtter (Hebr. 10, 13).  Guds godhet driv folk til omvendelse (Rom 2, 4).

  • Me les i Luk. 10, 1; at Jesus sendte disiplar forran seg, dit han sjølv skulle koma.  Slik er det i dag og.  Han ønskjer å sender oss ut for å møta folk, slik at han sjølv kan komma etter, inn i hjertene til dei han sender oss til.
  • Det at me er utsendte, betyr ikkje nødvendigvis at me skal ut på gater og evangelisera (det kan det sjølvsagt og bety).  Men for dei fleste av oss  betyr det at me er oss bevisste, at  me representerar Gud der me er; i familien, i nabolaget, på skulen eller på jobben.

7. Å OPPDAGA SITT KALL.

  • Då Jesus låg i vogga i stallen i Betlehem, visste han ingenting om oppdraget.  Han var ein baby, som ikkje ein gong kunne snakka.
  • Han måtte veksa, modnast og sjølv finna ut av oppdraget.  Evangelia gjev oss små glimt om det nære bønnefellesskapet Jesus hadde med sin himmelske Far.  Dette har han truleg uttvikla tidleg i livet, og har gjort at han fekk ein klarare og klarare forståelse av sin identitet og det oppdraget som Faderen hadde gitt han.
  • Som tolvåring var han i tempelet.  Han hadde allerede lært seg å vera i Guds hus for å høyra Guds ord.  Han kjende allerede godt til Guds ord.  Truleg hadde han fått inn Guds ord frå foreldra i tidleg barndom.  Etter at han hadde lært å lesa (Luk 4, 17-20), har han nok vore ein svært ivrig bibellesar.
  • I tilegg til skriftene i GT, som han kjende til, hadde Jesus og fått fleire profetiar og profetiske teikn frå han var i mors liv.  Engelen Gabriel (Luk 1,32-33, 35), Elisabeth, mor til døyparen Johannes (Luk 1,41-45), Maria, mor hans (Luk 1, 46-55), englane på Betlehemsmarkene (Luk 2,10-14), Simon (Luk 2,25-32) og Anna (Luk 2, 36-38) hadde profetert og tala om han.  Det står at Maria gøymde alt dette i hjarta sitt (Luk 2,19).  Truleg har Jesus fått høyra desse orda og hendingane då han vaks opp.  

 ·         Gjennom Guds Ord, ved dei profetiske orda og hendingane og i bønnefellesskapet  med Faderen, så lærte han å forstå sin identitet, som Guds Son, og den livsoppgava som Faderen hadde gitt han.

  • Var dette veien for Jesus, så er det nok veien for oss i dag og. Slik kan me ved Guds Ord i bibelen, i bønnefellesskapet med vår himmelske Far og ved profetiske ord frå brør og søstre i menigheten, gjera framgang i å forstå vår identitet som Guds sønner og døtre, og vår plass i det oppdraget Gud har gitt oss. Då kan me tena kvarandre og Gud, med den nådegåva Gud har gitt kvar einskild (1.Pet. 4, 10).

8. Å LEVA VED JESUS

  • Joh. 6, 57:  ”Likesom den levende Faderen har sendt meg, og jeg lever ved Faderen, slik skal også den som eter meg, leve ved meg.”
  • Jesus, som var Gud (Joh 1,1), og hadde liv i seg sjølv (Joh 5,26), valde å begrensa seg sjølv og leva ved Faderen, medan han var på jorda. Slik blir han eit eksempel for oss i det å leva ved Gud. Å ha vår kilda i Gud, og ikkje i oss sjølv.

9. LÆRA AV JESU EKSEMPEL

  • Det er fleire ting me kan læra ved å studera forholdet Jesus hadde til sin Far.
  • Joh. 7, 18:  ”Den som taler av seg selv, søker sin egen ære. Men den som søker hans ære som har sendt ham, er sannferdig, og det er ikke urettferdighet i ham.”
  • Dersom vårt motiv er å søkja eige ære, så talar med av oss sjølv. Gud vil ikkje væra i det.
  • Joh. 8, 29:    ”Han som har sendt meg, er med meg. Han har ikke latt meg bli alene, for jeg gjør alltid det som er til behag for ham.”
  • Det er befriande å vera ein utsending, fordi ein utsending er aldri åleine. Han som har utsendt, følgjer med han
  • Som far til litt eldre barn, har eg ikkje til ei kvar tid oversikt over kva barna føretek seg, kvar dei er, eller kven dei er i lag med.  Men dersom eg sender  eit av barna i eit ærend for meg, då vil eg følgja med på ein annan måte. Eg vil kanskje tenkja på vedkommande, kanskje  ber eg for han at ærendet må lukkast eller eg har kontakt på mobiltelefonen. Og når barnet er tilbake vil eg høyra korleis det har gått.  Han vil ikkje føla seg åleine, men oppleva at far følgjer med.
  • At Gud følgjer med sine utsendingar er enda meir sant.  Jesus seier: ”Og se, jeg er med dere alle dager inntil verdens ende”.(Matt 28, 20)
  • Joh. 12, 49.   ”For jeg har ikke talt av meg selv. Men Faderen, som har sendt meg, han har gitt meg befaling om hva jeg skal si og hva jeg skal tale.”
  • Jesus hadde alltid øyra vendt til Faderen for å bli leda av Han. 
  • Joh. 17, 25:  ”Rettferdige Far! Verden har ikke kjent deg, men jeg har kjent deg. Og disse (disiplane) har erkjent at du har utsendt meg.”
  • Forskjellen på farisearane og disiplane sin holdning til Jesus, var at disiplane trudde at Jesus var ein utsending frå Gud. Derfor tok dei imot det han sa.
  • Joh. 17, 18:  ”Likesom du har utsendt meg til verden, har også jeg utsendt dem til verden.”
  • Det er viktig å ta imot Guds utsendingar.  For Gud jobbar gjennom sine utsendingar.  Den som tar imot ein profet, får ein profets lønn, og den som tar imot ein rettferdig, får ein rettferdig manns lønn (Matt 10,41).
  • Joh. 9, 4 – 7:  ”Jeg må gjøre hans gjerninger som har sendt meg, så lenge det er dag. Natten kommer da ingen kan arbeide.  Mens jeg er i verden, er jeg verdens lys.  Da han hadde sagt dette, spyttet han på jorden, laget en deig av spyttet og smurte deigen på øynene hans.  Og han sa til ham: Gå og vask deg i dammen Siloa. – det betyr: utsendt. Han gikk da bort og vasket seg, og kom tilbake seende.”
  • Det er viktig å ha augene våre vaska i ”utsendt-dammen”, då ser me ting på ein heilt ny måte.

 

Comments are closed.