Frå Ragnar      4.febr. -14

 

Herren skal verna om ditt liv

Det var fredag 22. april. Langfredag. Eg stod opp i 6-tida, etter å ha sove meir den natta enn på lenge.
Eg las litt i ”Boken som forandrer verden”. Så kjende eg at eg skulle begynna å be i tunger.
Det gjekk ikkje lenge før Herren begynte å snakka til meg, og denne gongen var det Jesus
som snakka til meg.
”Du er mitt barn. Ikkje på grunn av at du har teke i mot meg, men på grunn av at eg har skapt deg,
og no har eg og kjøpt deg.”

Så vart eg minna om orda ”din utgang og din inngang”, og eg fann dei i Salme 121, vers 8.
Då eg slo opp i Bibelen vart eg merksam på vers 7: ”Herren skal vara deg frå alt vondt, og verna
om ditt liv”. Og med tanke på den bilulukka eg nett hadde vore i, så vart dette veldig sterkt for meg.
Eg har mange gonger lurt på kvifor det står ”din utgang og din inngang”. Ville det ikkje vera naturleg
at det var omvendt?

Då fortsette Jesus å undervisa meg:
”Eg har kjøpt deg fri frå mørkets fengsel. På same måten som Paulus og Silas sat bunden med lekkjer
i det inste og mørkaste fangeholet, slik sit menneskja bunden i syndens lekkjer i mørkets fengsel.
No har eg opna dørane og løyst lekkjene. Ikkje berre for deg, men for alle menneske. Legg merke til att alle dørane sprang opp, og lekkjene losna av alle fangane. Eg har opna, men du må gå ut av mørkret og inn i lyset. Difor står det utgang først, og deretter inngang.
”Ver ikkje redd. Eg har løyst deg ut, kalt deg på namn, du er min!” Jesaja 43,1

Ragnar

Comments are closed.